Pop-up-kort

På NKH fekk me ei veldig kjekk oppgåve i å lage eit pop-up-kort for å fremje ei god sak eller eit kulturelt tilbod. Eg valte å lage mitt for Trondheim Symfoniorkester. Eg ønskja å vise arbeidet som TSO utretter utan å bruke klisjéane instrument og dirigent. Difor gjekk eg for ei meir abstrakt løysing som viser kva ein kan oppnå dersom ein set saman mange små element til å bli eitt stort verk – rett og slett at alt er mogleg. Kortet vart printa digitalt og deretter kutta og bretta for hand. (Det tok 1-2 timar per kort, altså.)