Daft Punk

Denne illustrasjonen gjorde eg som student ved NABA. Oppgåva var å lage eit portrett av ein nolevande kjend person. Rebelsk som eg er, illustrerte eg heller to personar – nemleg favorittduoen min Daft Punk. Planen var å vise korleis Thomas Bangalter og Guy-Manuel de Homem-Christo fungerer ilag ved å lage mønster som er motsetningar av kvarandre, men samtidig utfyller kvarandre. Sirklar og strekar, tomme og fylte flater, lyse og mørke fargar. Alt er med på å skape ein dynamikk som speglar Daft Punk og musikken deira.