#TRD

#TRD er eit fiktivt kulturmagasin på 32 sider for studentar i Trondheim. I magasinet finn ein artiklar om kva som skjer, og har skjedd, i byen. Dette skuleprosjektet var eit tverrfagleg samarbeid mellom studentane på grafisk design og journalistikk ved NKH. Journalistikk leverte tekstar og bilete, medan kvar student på grafisk design utforma sitt individuelle magasin – og dette er mitt. Alle illustrasjonane er teikna med ein alminneleg blyant og deretter fargelagt i Photoshop.