Pop-up-kort

På NKH fekk me éi veke på å lage eit pop-up-kort for å fremje ei god sak eller eit kulturelt tilbod. Eg valgte å lage mitt for Trondheim Symfoniorkester. Eg ønska å vise arbeidet som TSO utretter utan å bruke klisjéane med instrument og dirigent. Difor gjekk eg for ei meir abstrakt løysing som viser kva ein kan oppnå dersom ein set saman mange små element til å bli eitt stort verk – at alt er mulig. Kortet vart printa digitalt og deretter kutta og bretta for hand. (Det tok nesten 2 timar å kutte/brette eitt kort.)