#TRD

#TRD er eit fiktivt kulturmagasin på 32 sider for studentar i Trondheim. I magasinet finn ein artiklar om kva som rører seg i byen i alle sjangrar og formar. Dette skuleprosjektet var eit tverrfagleg samarbeid mellom studentane på grafisk design og journalistikk ved NKH. Journalistikk leverte tekstar og bilete, medan kvar student på grafisk design utforma sitt individuelle magasin – og dette er mitt. Alle illustrasjonane er teikna av underteikna med ein alminneleg blyant og deretter fargelagt i Photoshop.